Historisk haust for lærarutdanninga
For første gong skal studentane spesialisere seg innanfor dei skulestega dei skal undervise på, samtidig som utdanninga vert styrka både på fag, pedagogikk og praksis. Som nyutdanna lærar får du ein heilt eigen mentor.

Den største endringa studentane vil merke, er at dei allereie ved studiestart vel om dei vil kvalifisere seg for å undervise på 1.-7.-steget eller 5.-10.-steget. Begge utdanningane vil vere prega av ei sterkare fagleg forankring enn tidlegare, og studentane skal fordjupe seg meir og i færre enkeltfag.
Lærarutdanningane får eit heilt nytt fag, Pedagogikk og elevkunnskap. Dette er det einaste felles obligatoriske faget i dei to studieløpa. Faget skal gje studentane god innsikt i elevane si læring og gje tryggleik i undervisningssituasjonen.
Tryggleik er også eit stikkord for den styrka praksisopplæringa i dei nye utdanningane. I løpet av dei fire studieåra skal studentane ha minst 100 dagar rettleia praksis i skulen.
Frå hausten 2010 skal alle nyutdanna få tilbod om ein eigen rettleiar. Rettleiaren skal gje støtte og hjelp til den nyutdanna læraren og vere ein samtalepartnar gjennom den første tida i yrket.