- Formidlingsglede i praksis!
- - Ein må like alle
- - Tora Aasland: Verdas viktigaste yrke
- Ver general med eit hjarte av gull
- Lærarstudentar skapte suksess på utdanningsmessene
- – Gode lærarar verkar kriminalitetsførebyggjande
- Gjekk frå TV til tavla for inspirasjon
- Snakk med oss på Facebook!
- Hugs søknadsfristen 15. april!
- Ein må like alle
Ein god lærar ser det ”likbare” hos alle. Det er ein del av profesjonen som skil det å vere lærar frå andre yrke. Leiter ein etter dei gode eigenskapane, finn ein dei, meiner lærar Håvard Tjora.

Som lærar er ein med på å skape sjansar. Å lykkast i klasserommet handlar om å byggje relasjonar til elevane, slik at dei har lyst til å lytte til det du har å komme med. Å lære bort er læraren sitt ansvar – han kan ikkje gi seg før elevane skjønnar. Det er viktig å hugse at elevane har med seg mykje utanfrå. Kvar enkelt treng ein eigen veg for å knekkje kodane. Den gleda det gir å bidra til at nokon som har slite, endeleg forstår, ho er stor å få vere ein del av.
Eg veit sanneleg ikkje når eg bestemte meg for å bli lærar. Men eg hugsar at eg såg ei sending på Dagsrevyen om mobbing i skolen, det må ha vore i andre klasse på vidaregåande. Eg tenkte: Det der kan ein gjere noko med! Ein kan sørgje for at barn har det fint mens dei er på skolen. For nokre barn er skolen den frisona dei ikkje finn nokon annan stad, og læraren er den vaksenpersonen dei har mest kontakt med gjennom veka. Nokre barn blir med deg heim i hovudet når dagen er over. Eg strekkjer meg langt for at skolen skal vere eit rom for desse barna, for at éin del av barndommen skal vere trygg for dei. Då må ein vere bevisst på at elevane er menneske, først og fremst. Eg meiner at det ligg til yrket at vi skal like elevane våre – same kva slags menneske dei er, og kva slags ballast dei har. Det er ein del av relasjonsbygginga. Det handlar om å gi menneske ein sjanse til å oppføre seg likandes. Alle menneske har positive sider, det gjeld berre å sjå dei og gi tilbakemeldingar om dei.
Lærarutdanninga stiller høge krav. Det var ei fantastisk tid med vanvittig mykje moro – og sterke vennskap med menneske som brann for det same. Ein må lese mykje teori, men det er ikkje alt ein kan lese seg fram til. Ein må sjølv reflektere over korleis teorien skal integrerast i praksis. Det mennesket du er i utgangspunktet, har mykje å seie.
Favorittlæraren min kalla vi berre Lister’n. Eg hugsar at vi heilt umerkeleg oppførte oss veldig bra i timane hans. Det var ikkje noko alternativ å tulle rundt. Det var ikkje det at han var spesielt streng, men han var veldig klar på kva han ville ha. Sidan eg likte han så godt, hadde eg heller ikkje lyst til å skuffe han. Lister’n gjorde læringa levande. På grunn av han hugsar eg framleis korleis olje trekkjer seg inn i sedimentære bergartar. Han hadde med seg ein isboks med kaffi, og så putta han ein sukkerbit oppi. Noko som var vanskeleg, blei plutseleg lett å forstå. Humor hadde han òg. Eg har verkeleg gått inn for å bruke fleire av teknikkane hans i mi eiga undervisning. For eit år sidan sende eg han ei tekstmelding. Eg skreiv takk, eg. Takk for alt eg lærte, og for tida som var.
Kanskje er det nettopp det eg ønskjer for min eigen del òg – at elevane mine skal tenkje tilbake på tida i klasserommet med eit smil. Og no som eg har permisjon, er det jo nokre elevar som har ringt, då. Dei slengjer ofte inn at dei hadde det fint. For enkelte har eg nok vore favorittlæraren. Det er ein fin ting å tenkje på.
Håvard Tjora blei kjend gjennom TVNorge-serien ”Blanke ark”. I dei snart elleve åra han har vore lærar, har han hovudsakleg undervist på 1.–7. trinnet, men òg noko i ungdomsskolen. No har han permisjon for å halde foredrag og skrive om læraryrket i Dagbladet og i eigne bøker. Eller, som han sjølv seier: ”For å halde skoledebatten varm.”