forside

Del artikkel

- Tora Aasland: Verdas viktigaste yrke

- Eg hadde ein lærar som opna alle dørar frå skolen og ut i samfunnet gjennom diskusjon og engasjement. Det ber eg framleis med meg.

Leif K. Roksund var læraren min i norsk, engelsk og historie då eg gjepp på det som i gamle dagar blei kalla Telemark økonomiske gymnas i Skien. Han gjekk med lagerfrakk – det var vanleg på den tida, ein slags uniform for lærarane. Roksund pleidde å kome inn i klassen, halde peikestokken bak nakken med begge hender og spørje: Kva skal vi snakke om i dag? Så klarte han å snakke oss vidare frå det som var aktuelt den dagen og inn i faga.

Det var på mange måtar særs formelt å gå på gymnas den gongen. Vi kallade aldri lærarane ved fornamn, det var heilt fjernt for oss. Det er interessant å tenkje på når eg no reiser rundt på skolar og ser kor jovial tonen er mellom lærarane og elevane. Dette var jo på slutten av 50-tallet – eg var blåruss i 1961 – og lærarane titulerte oss med ”De”. Det gjorde ikkje Roksund. Han var ein søkjande person, og meir opptatt av å sjå kvar enkelt. Han merkte seg kva som skulle til for å gjere oss oppmerksame. I timane hans fekk engasjementet fritt utløp, og me lærde slik kvar enkelt av oss lærde best.

Noko av det viktigaste eg lærde i timane hans var å ”skrive som ein snakkar”. Roksund var nemleg også ein dyktig nynorsklærar. Eg kom frå ein heim der nynorsk ikkje sto særleg høgt, men sjølv blei eg særs glad i nynorsk på gymnaset. Roksund oppfordra oss til å lytte til korleis folk snakka ute på gatene i Skien. Mor mi blei ganske sur på meg då ho høyrde at vi ble bedne om å læra av Skiens gatesnakk. Det blei likevel eit viktig verkty for meg seinare; eg ser nynorsk som ein fantastisk måte å forenkle språket på.

For å bli ein lærar som betyr noko for nokon må ein tenke på at all formidling skjer i eit samfunn. Skolen er ikkje isolert frå det som skjer utanfor. Roksund opna alle dører som var, ved å setje undervisninga inn i små og store samfunnssamanhengar. Vi elevane følte vi fekk bidra til viktige diskusjonar.

Ikkje alle har det i seg til å bli ein slik lærar. Kunnskap er viktig, men det er aller mest eit spørsmål om du har det i deg. Synes du det er viktig med kunnskap for å få ei betre verd, så er læraryrket verdas viktigaste yrke! Då må ambisjonen være å strekkje seg etter den beste læraren du har hatt.

Min lærar døyde for få år sidan. Eg fekk faktisk kontakt med han igjen då han hamna på same aldersheim som mor mi. Eg oppsøkte han, og var så heldig at eg fekk nokre fine samtalar med han på slutten av livet hans. I samtalane skjønte eg at han hadde vore veldig stolt av meg. Han hugsa meg godt, og hadde fylgt utviklinga mi sidan tida på gymnaset. Det ber eg med meg vidare.

Tora Aasland var minister for forsking og høgare utdanning, og hadde ansvaret for politikken knytta til universitet og høgskolar, forsking, studiefinansiering og fagskoleutdanning.

Kontakt