forside

Del artikkel

Ver general med eit hjarte av gull

Henriette Steenstrup og Else Kåss Furuseth frå ”Torsdag kveld fra Nydalen” meiner at gode lærarar er jordas salt. Ifølgje Furuseth er saknet etter ein lærar det største saknet som vaksen.

Har de hatt ein lærer som betydde noko ekstra?

Henriette: Eg hadde verdas beste lærar på barneskolen. Ho heitte Cathrine og var nok grunnen til at eg begynte å spele klassisk gitar. Dessutan overtalte norsk- og musikklæraren min på Hovseter, Erik Sandvei, meg til å begynne på musikklinja på Foss i staden for på drama på Nissen, og det er eg veldig glad for. Eg hadde mange bra lærarar på ungdomsskolen, og ein haug med fine på Foss. Felles for dei var at dei var flinke fagleg, men òg flinke til å sjå elevane sine.

Else: Eg er òg innmari glad i mange av lærarane mine, men den gjævaste twisten i påsan var mannen som kler crispycurls endå betre enn Øyvind Fjeldheim: Petter. Petter var vikar i sjette klasse, men heile ungdomsskolen skreiv eg lange, lange brev til han. Eg skjønner i ettertid at eg opna hjartet mitt, for heime i boden har eg svarbreva hans, der han mellom anna skriv: Dette kan eg ikkje hjelpe deg med, Else – du må snakke med foreldra dine. Han tok meg på alvor.

Kvifor er lærarar så viktige?

Henriette: Gode lærarar er jordas salt og betyr gjerne forskjellen på ein femmar eller seksar. Nei då – men det er jo dei som legg lista og grunnlaget for kor langt ein strekkjer seg.

Else: Lærarar er det eg saknar mest som vaksen. Mentorar har nokre av dei same kvalitetane, men er veldig dyre.
Henriette: Psykolog, heiter det, Else, og det er ikkje så dyrt dersom du får rekvisisjon. Nei då.

Kva skil ein god lærar frå ein dårleg?

Henriette: Ein god lærar er nesten som ein slags general i hæren som aldri må la seg knuse av motstand eller la seg knekkje av snurte unge menn. Ein god lærar er vel først og fremst vilt begeistra for faget sitt og over sjansen til å få ause av den utømmelege kunnskapskjelda si.

Kven er spesielt eigna til å bli lærar, då?

Else: Standupkomikarar som ikkje er morosame nok, musikarar som ikkje klarer å leve av musikken, sportsutøvarar som har vunne NM i turn éin gong – og folk med særleg varme kjensler for kaffi og kordfløyel.

Henriette: Men faren min har vore lærar i over førti år, og han var på landslaget i bandy og U-landslaget i fotball og er – i tillegg til at han ikkje nådde heilt opp i sportsverda – vilt flink med ungdom. Og i norsk.

Else: Nettopp, det understrekar poenget mitt. Men eg gløymde det viktigaste: Ein må ha eit hjarte av gull.

Har de sjølve vurdert yrket på noko tidspunkt?

Henriette: Eg vurderer det framleis heile tida. Eg trur det er verdas kulaste yrke – det er som å vere på nattklubb heile dagen. Dersom ein tenkjer ut ifrå støynivået, altså.

Else: Eg er rett og slett ikkje fagleg sterk nok, og ingen av ungdommane ville hatt respekt for meg, men elles hadde det gått bra.

Har de nokre gode råd til framtidige lærarar?

Henriette: Just do it!

Else: Bli lærar! Hugs at Morten Ramm (kollega i ”Torsdag kveld fra Nydalen”) har lærarutdanning i botnen, med samfunnsfag og nynorsk som fordjuping.

Kontakt