forside

Del artikkel

Lærarstudentar skapte suksess på utdanningsmessene

I januar og februar har Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med 38 lærar- og førskolelærarstudentar, reist rundt på utdanningsmessene i Stavanger, Lillestrøm, Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo for å inspirere fleire til å søkje opptak til lærarutdanningane

På standen vart gjestane inviterte på både quiz, spel og eple, og det har til tider vore høgt aktivitetsnivå:

- Eg har hatt mange, lange samtalar med interesserte elevar om fag dei brenn for, utdanningsløpet, alle dei ulike lærarutdanningane og praksis, fortel Sindre Pedersen, lærarstudent på GLU 1-7 ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Det har vore kjempeartig, dei lurer på alt mogleg!

Dei regionale GNIST-partnarskapane har hatt ansvaret for den praktiske gjennomføringa, og stilte også med ”ekte” lærarar på standen. Kjendis-lærar Håvard Tjora deltok også på tre av messene.

I Stavanger og Trondheim vann standen til og med diplom for beste stand – kåra av dei andre utstillarane på messa!

- Vi er utruleg stolte av dei flotte ambassadørane våre, og vil gi ein stor honnør til alle som har stått på og medverka til suksessen, seier Håkon Kavli, prosjektleiar for GNIST i Kunnskapsdepartementet.

  • Ambassadørar i Stavanger: Hege Dale og Stine Murvold

  • Teamet på messa i Stavanger

  • Kunnskapens tre

  • Kunnskapsdepartementet fekk diplom for beste stand

  • Quiz for dei kvasse i Oslo

  • Nøgde ambassadørar på Oslomessa

  • Kunnskapseple på stand i Oslo

  • Bli lærar!

  • Messa i Bergen var godt besøkt

  • Kanskje desse bergenserane er lærarar om nokre år

  • Spel på stand i Bergen

  • Heile ambassadørteamet frå Bergen

  • Guro Midtlien er ambassadør på messa i Trondheim Spektrum

  • Guro Midtlien og Markus Haukø på stand i Trondheim

  • Sander Magnus Hofsøy er ambassadør på utdanningsmessa i Tromsø

  • Ambassadør Sindre Pedersen snakkar med Hanna Lukris Meen Wærsted på Lillestrømmessa

  • Frå venstre: Håvard Tjora, Kent Inge Waaler, Elisabeth Gautefall Hiis, Sindre Pedersen og Bård Håvard Solli

« »
Kontakt