- Formidlingsglede i praksis!
- - Ein må like alle
- - Tora Aasland: Verdas viktigaste yrke
- Ver general med eit hjarte av gull
- Lærarstudentar skapte suksess på utdanningsmessene
- – Gode lærarar verkar kriminalitetsførebyggjande
- Gjekk frå TV til tavla for inspirasjon
- Snakk med oss på Facebook!
- Hugs søknadsfristen 15. april!
Utdanningsmesse i Tromsø
Første dag på messa i Tromsø er over, og Sander Magnus Hofsøy og resten av teamet er klare for storinnrykk fredag.
- Det har vore veldig kjekt i dag, fortel Sander Magnus Hofsøy. Sander studerer integrert master i lærarutdanning for 5. til 10. trinn på Universitetet i Tromsø (UiT). Han fortel at nokre av dei han har snakka med allereie har bestemt seg for å byrje på ei lærarutdanning og lurer på fagkombinasjonar og kvar dei kan studere. Andre er meir usikre, og nokre har ikkje tenkt på lærarutdanningane tidlegare. – Det er gøy å merke at ein kan vere til hjelp. Eg brukar mine eigne erfaringar når eg snakkar med folk på standen, og det går veldig bra. Vi fortel det vi veit, det er derfor vi står her, seier Sander. Det verkelege storinnrykket på messa er venta fredag. Teamet i Tromsøhallen står klare til å ta imot!
Neste veke er det utdanningsmesse i Trondheim. Du treffer teamet på Har du det i deg-standen i Trondheim Spektrum torsdag 2. og fredag 3. februar. Opningstidene finn du her .
