forside

Del artikkel

- Bli lærar!

Det er kamp om merksemda til elevane på utdanningsmessa i Trondheim.

- Å bli eller ikkje bli lærar? Det er dei som seier ”tja, kanskje..” vi må overtyde, fortel Guro Midtlien. Guro går på lektorutdanning i historie på NTNU, og er ambassadør på utdanningsmessa i Trondheim. – Mange elevar er veldig medvitne og rett på sak. Nokre er sikre på at dei ikkje vil byrje på ei lærarutdanning, medan mange allereie har bestemt seg, og spør om formalitetar som fagkombinasjonar. Messa i Trondheim Spektrum trekkjer til seg utdanningsinstitusjonar frå heile Midt-Noreg, og det er viktig å visast i mengda. – Vi var så heldige å ha Håvard Tjora med på standen vår. Det hjelper alltid å ha ein kjendis, ler Guro.

Neste utdanningsmesse er i Bergen. Torsdag 9. og fredag 10. februar møter du KD-teamet på stand i Grieghallen.

  • Guro Midtlien er ambassadør på messa i Trondheim Spektrum

  • Guro Midtlien og Markus Haukø på stand i Trondheim

« »
Kontakt