Ein lærarstudents bekjenning

– Vil forme framtida

Mahyar

- Eg elskar nye utfordringar! Som lærar er det aldri ein uinteressant dag. Elevane er framtida, og eg vil hjelpe til med til å forme den framtida, seier lærarstudent Mahyar Harirchi (20).

Han ønskjer å gi andre tilbodet han sjølv har fått, og om mogleg, eit endaå betre tilbod.

- Som lærar må du ha hjartet på den rette staden. Du må vise at du bryr deg. Omsorg betyr nok meir for elevane enn at du t.d. kan mykje matte. Det menneskelege aspektet må vere motivasjonsfaktoren i arbeidet.

Elevane ventar ofte at læraren skal ha svar på alt, og Mahyar vedgår at det kan vere ei utfordring.

- Det kan nok bli ei utfordring å leve opp til forventningane elevane har til deg, seier Mahyar, – men det skal eg klare!

- Det er utfordrande å stå der med 30 elever framfor deg, og du er den som skal hjelpe til med å forme framtida deira. Men eg skal gjere mitt beste! Eg brenn verkeleg for det å bli lærar, det er ein viktig jobb, seier han.

Mahyar Harirchi (20) går første året på grunnskolelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo. Han har tidlegare studert matematikk ved Universitetet i Oslo.

– Som lærer er du ein vaksen

Søren Kure 2

- Tenk om eg kunne få alle til å bli glad i matte! Når ein blir ein del av oppsedinga av dei unge har ein verkeleg ein sjanse til å få til mykje, seier lærarstudent Søren Kure (31).

Etter studia valde Søren lærarutdanninga. Han hadde då hatt eit tilfeldig vikariat på ein ungdomsskule. Då oppdaga han at han verkeleg likte å arbeide med menneske og å styre eigen arbeidsdag.

- Som lærar er du sjølv det verktøyet du bruker i arbeidsdagen. Derfor må lærarar tenkje på rolla si som ein vaksenperson. I lærarstudiet bruker vi mykje tid på å bli medvitne om vår eiga vaksenrolle, seier han.

Søren er i tillegg oppteken av at ein lærar må vere moden og reflektert.

- Det finst ingen billege triks for å bli ein god lærar. Ein god lærar er ein god leiar. Du må gå føre med eit godt eksempel, vere tålmodig og ha ein robust personlegdom, meiner han.

Søren Kure (31) går på nivådelt lærarutdanning med spesialisering til ungdomsskulen, på Høgskolen i Vestfold med matematikk som fordjupningsfag.

– Trivsel skaper læring

Kaja Borgen, student

- I klasserommet møter ein unge menneske med svært ulike bakgrunnar. Grunnlaget for godt læringsmiljø blir lagt gjennom å skape trivsel og gjennom å få til eit godt samvere med elevane. Det er ei spennande utfordring, seier Kaja Borgen (22).

Kunnskap og nestekjærleik er dei viktigaste eigenskapane ein lærar må ha, meiner Kaja.

- Ein god lærar må leggje eit grunnlag slik at barna kan utvikle seg. Eg ønskjer å formidle kunnskap og lage ein plattform for dei unge for at dei skal kunne fungere godt i samfunnet, seier ho.

Kaja valde å bli lærar fordi ho trivst med å arbeide med barn og unge.

- Eg bryr meg om elevane mine. Eg vil at dei skal lære mest mogleg og ha det best mogleg. Eg håper eg klarar å skape eit godt miljø slik at barna trivst når dei er på skulen, fortel Kaja.

Kaja Borgen (22) går no tredje året på grunnskolelærarutdanninga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag med hovudvekt på kunst, handverk og matematikk.

2010- Har du det i deg? Ta testen her!
3- Spørsmål- og svarkanalen
Forum
 
Nynorsk / Bokmål