En lærers bekjennelser

Små, magiske augneblink

Svein Borgen, lærer

- På veg til timen møter du ein elev som lurer på korleis den siste geografiprøva gjekk, ein annan som spør om utsetjing av ein stil, ein som kommenterer den nye sveisen. Samstundes sit 30 elevar i klasserommet nedst i gangen og ventar. Du må venne deg til at dagen kanskje ikkje blir heilt som planlagd, seier lærar Svein Borgen (31).

Svein skjønte tidleg at han hadde ein lærar i magen.

- Eg har hatt gode lærarar som har inspirert meg, og frå vidaregåande av ønskte eg å bli lærar, seier han.

Sjølv om Svein ikkje valde den tradisjonelle lærarutdanninga, studerte han fag som kunne brukast i læraryrket, med pedagogikk til slutt.

- Det eg ønskjer å få til som lærar, er å hjelpe elevane å bli ansvarlege menneske, og på ein eller annan måte gjere ein liten forskjell i liva deira. Slik blir kvardagen givande, fortel han.

Kvardagen for ein lærar er givande.

- Det er både spennande og utfordrande å arbeide med unge menneske. Kvardagen er samansett av små magiske augneblinkar. Mykje handlar om å hjelpe elevane å meistre utfordringar, og tenne ein gnist i dei. For å seie det litt klisjéaktig: Eg ønskjer å skape interesse for fag framfor å fokusere på karakterar, seier han.

Svein Borgen (31) er nyutdanna og har arbeidd eit år på Wang videregående skole før han byrja på Persbråten videregående skole der han no har arbeidd i 1 ½ år. Han har ein master i fransk frå Universitetet i Oslo og har elles studert faga samfunnskunnskap, geografi og spansk.

– Jakter på elevenes styrker

Hege Anita Myhre, lærer

Lærar Hege Anita Myhre (32) trivst saman med ungdommar og vil påverke dei i dei retningane ho sjølv har tru på.

- Eg vil at elevane skal lære å kjenne sin eigen styrke slik at vi saman kan byggje vidare på dei gode eigenskapane dei har. Utfordringa ligg i å bruke rett pedagogikk på dei ulike elevane ein møter, seier ho.

Hege Anita fortel at læraryrket er komplekst, og at læraren må handtere både det faglege og det sosiale. Ingen dagar er like i læraryrket.

- Kvardagen er eit samarbeid. Arbeidet er avhengig av at du har god kjemi med dei du skal ha eit forhold til. Du bør være open, by på deg sjølv og like å arbeide med menneske. Du må våge å stå for det du gjer, og samstundes lytte og vere fleksibel, seier ho.

Hege Anita kjenner seg privilegert som lærar.

- Eg får lov til å bruke dei faga eg liker og kan. Samstundes er det mogleg ta i bruk ulike sider av meg sjølv til å formidle kunnskap og verdiar. Dette trur eg skaper engasjement hos elevane. Som lærar ønskjer eg å samarbeide godt med elevane, og eg håpar at elevane legg merke til kor godt eg likar arbeidet mitt, fortel ho.

Hege Anita Myhre er utdanna lektor med hovudfag i kroppsøving og er lærar på ungdomssteget på Frol oppvekstsenter i Levanger.

– En barndomsdraum

Gro Hovland, lærer

Som lita jente visste Gry Hovland (40) kva ho skulle bli: lærar! I dag underviser ho på same skulen der ho sjølv var elev.

-Eg har alltid ønskt å arbeide med menneske, og eg er veldig glad i å undervise, fortel ho.

Som lærar ønskjer Gry å gi dei unge eit solid grunnlag for å bli gode menneske.

- Eg vil gi dei kunnskap, gode verdiar og ikkje minst verktøya elevane treng for sjølve å hente inn kunnskap. Eg vil at elevane skal oppleve læring som moro. Å utvikle dei sosiale evnene til unge menneske er det sentrale for meg, seier ho.

Som lærar er kreativitet i læringssituasjonen viktig for at skulen ikkje skal bli einsformig for elevane.

- Tilpassa undervisning i store klasser med 27-30 elever kan vere vanskeleg. Det gjeld både i forhold til førebuingane og sjølve undervisinga der elevane har mange ulike behov. Å ta ting på sparket er ein viktig eigenskap for gode lærarar, meiner Gry.

- Eg bryr meg om elevane mine og prøver å være ein tydeleg vaksen for dei. Som lærar må ein vere ein omsorgsfull person, men læraren må også være villig til å ta upopulære avgjerder og stå for dei vala ein gjer, seier ho.

Gry Hovland er grunnskolelærar med fordjupning i musikk og norsk. Ho underviser på Eikeli skole i Bærum, der ho også er kontaktlærar i 7. klasse.

2010- Har du det i deg? Ta testen her!
3- Spørsmål- og svarkanalen
Forum
 
Nynorsk / Bokmål