Milepålar i søknadsprosessen

Kvinnelig lærer, i klasserom, barneskole

1. mars

Søknadsfrist for enkelte grupper
Søknadsfrist for søkjarar med dokumenterte grunnar for tidleg opptak eller særskilt vurdering, Politihøgskulen, International Baccalaureate (IB), vidaregåande utdanning frå land utanfor Norden eller søkjer på grunnlag av realkompetanse.

15. april

Ordinær søknadsfrist
Søknadsfrist for alle søkjarar som ikkje fell inn under fristen 1. mars. Søk lærerutdanninga her

15. mars – 1. juni

Omslagsark blir sendt ut
Omslagsarket er eit dobbeltsidig ark som puljevis blir sendt til alle søkjarar, og blir nytta til innsending av vitnemål og attestar.

1. juli

Frist for ettersending
Vitnemål og attestar for utdanning og praksis som blir avslutta våren 2009, skal sendast til adressa på omslagsarket.

1. juli

Frist for omprioritering
Innan 1. juli kan du omprioritere studieønska dine via nettsøknaden. Du kan ikkje leggje til nye studieønskje etter 15. april.

15. juli

Frist for å endre kontaktopplysningar
Syt for at du til kvar tid har registrert dei rette kontaktopplysningane. Det kan bli sendt ut informasjon til deg i heile opptaksprosessen.

20. juli

Hovudopptaket
Du finner resultatet av hovedopptaket på nettsøknaden din 20. juli.

Hugs at du må stadfeste at du ønskjer å ta imot studieplassen innan 26. juli.

21. juli

Restetorget opnar
Restetorget er ei oversikt over ledige plassar på studier der ventelistene er tømt for kvalifiserte søkjarar.

26. juli

Svarfrist
26. juli er siste frist for å takke ja til studieplass, evt. stille deg på venteliste.

29. juli

Nasjonalt suppleringsopptak
Dersom du får eit nytt tilbod, er blitt studiekvalifisert eller har fått endra poengsum etter hovudopptaket, vil du få svar (elektronisk) i det nasjonale suppleringsopptaket. Dersom du rykkjer opp på ventelista, vil dette bli lagt ut på nettsøknaden.

5. august

Lokale suppleringsopptak
Til enkelte studium kan det bli sett i verk ytterlegare etterfyllingsopptak frå ca. 5. august og utover.

Ca 15. august

Studiestart
No startar jobben med å vise at du verkeleg har det i deg! Lykke til.

2010- Har du det i deg? Ta testen her!
3- Spørsmål- og svarkanalen
Forum
Motta oppdateringar frå GNIST
Nynorsk / Bokmål