forside

Del artikkel

Lærarutdanningane

Du som vel å utdanne deg til lærar, går inn i eit av dei viktigaste yrka i samfunnet vårt. Med eit godt hovud, eit varmt hjarte og ei sterk ryggrad kan du kvar dag spele ei viktig rolle i livet til barn og unge.

Det er fleire vegar inn i læraryrket. Her kan du lese om dei ulike lærarutdanningane.

Læraryrket er for deg som ønskjer å jobbe med både menneske og fag. Gode lærarar er den faktoren som har størst innverknad på læringa til elevane. Hovudmålet med utdanninga er å gi deg eit godt fagleg grunnlag og kunnskap om pedagogikk og leiing, slik at du er førebudd på å møte kvardagen i klasserommet.

Grunnskolelærarutdanning

Etter fire år på ei av dei to grunnskolelærarutdanningane får du ei bachelorgrad og kan undervise i grunnskolen. Du vel mellom to studieløp og blir kvalifisert for å undervise anten på 1.–7. klassesteg eller på 5.–10. klassesteg.

Begge utdanningane er samansette av både teori og praksis. Teorien skal gi deg den grunnleggjande kunnskapen, mens praksisen skal lære deg å bruke teorien i kvardagen som lærar.

Eit anna alternativ er grunnskolelærarutdanningane ved Universitetet i Tromsø. Her tilbyr dei eit eige femårig studium som fører fram til ei mastergrad. Andre studiestader tilbyr påbygging til master frå grunnskolelærarutdanninga.

Grunnskolelærar for 1.–7. klassesteg

På dette studiet skal du fordjupe deg i fire fag, eitt på 60 studiepoeng og tre på 30. Norsk og matematikk er obligatoriske for alle, dei to andre faga kan du sjølv velje. Dette er utdanninga for deg som vil arbeide med den viktige begynnaropplæringa i skolen.

Grunnskolelærar for 5.–10. klassesteg

På dette studiet vel du tre fag, kvart på 60 studiepoeng. Ingen av faga er obligatoriske, og du kan derfor velje alle faga sjølv. Du har også høve til å velje spesialiseringsområde i denne utdanninga.

Lektorutdanning

Lektorutdanninga er ei femårig utdanning som fører fram til ei mastergrad. Med denne utdanninga kan du undervise frå og med 5. klassesteg i grunnskolen til og med vidaregåande skole, og i vaksenopplæringa. Du vel sjølv kva for fagretning du vil fordjupe deg i. Utdanninga er samansett av både teori og praksis. Lektorutdanninga gir deg solid fagleg fordjuping, samtidig som du lærer korleis kunnskap blir utvikla og formidla til andre menneske.

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit eittårig studium som saman med ei tidlegare fagutdanning kvalifiserer deg for å arbeide i skolen frå og med 5. klassesteg. For å ta PPU må du tidlegare ha teke fag i høgare utdanning som tilsvarer minst 180 studiepoeng.

Faglærarutdanning

Faglærarutdanninga er ei treårig bachelorutdanning som gjer deg kvalifisert til å undervise i enkeltfag i grunnskolen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring og til anna kulturelt arbeid med barn og unge.

Yrkesfaglærarutdanning

Dersom du er fagarbeidar og vil undervise i yrkesfag på vidaregåande, kan du velje ei treårig bachelorutdanning som byggjer på praksisen og erfaringsbakgrunnen din.

Kontakt