– Av med maska!
Det finst inga lærarmaske. Er det noko barn er gode på, så er det å sjå kva som er ekte. Når ein har høve til å forme livet til andre menneske, må ein gi alt! Sjølv skal eg strekkje meg etter barneskolelæraren min, fortel lærarstudent Jonas Orseth Løvik.

Dei såg vel at eg hadde det i meg, lærarane på Allanengen skole. Eg hamna der som lærarvikar ganske tilfeldig, etter to år med strøjobbar etter vidaregåande. Eg ante ikkje kva eg ville bli. Eg tok jobbar overalt, på restaurant, på sjukeheim, i bar og i barnehage. Fellesnemnaren var jo menneske. Det var heilt tilfeldig at eg enda på Allanengen skole. Kvifor rektor gav jobben til akkurat meg, veit eg ikkje. Kanskje fordi eg alltid er positiv, påliteleg og gir av meg sjølv? Uansett var det på Allanengen eg skjønte at eg måtte bli lærar. Då siste skuledagen var over, tenkte eg berre: Dette vil eg gjere igjen!
Barna startar på skolen med blanke ark, og som lærar får ein vere med å fylle arket med fargar av kunnskap. Kvart ark er ulikt, og kvar lærar set sin farge på arket. Då er det viktig å utnytte ressursane til læraren til det beste for kvar enkelt elev. 25 elevar i eit klasserom treng kanskje 25 ulike måtar å lære på. Det er truleg noko av det mest utfordrande med læraryrket: å gi alle noko å strekkje seg etter. Alle elevar har sterke sider. Ein må sjå dei. Ein må trigge kvart hovud! På lærarutdanninga lærer vi det didaktiske – å lære bort. Men for å lykkast må ein òg tore å vere seg sjølv. Barn gjennomskodar alt. Dei må vite kvar dei har deg. Det er derfor praksis er så viktig. Å bli ein god lærar handlar ikkje berre om å vere kunnskapsrik og ein god formidlar. Ein må vere lærar fullt og heilt. Det er då læraren kan bety noko i livet til eit menneske.
Eg hadde ein lærar som torde det. Det er henne eg sjølv strekkjer meg etter. På Torjulvågen barneskole, ein bitte liten grendeskole i Tingvoll kommune som no er nedlagd, var vi berre 40 elevar frå første til sjuande trinn. Eg var den einaste eleven i første klasse. Det gjorde ingenting. For læraren min, ho elska yrket sitt. Det såg vi kvar einaste dag. Ho tok oss med heim. Ho lét oss vere ein del av livet sitt; ho gav av seg sjølv. Vi var små barn, men ho fekk oss til å føle oss viktige gjennom engasjement og læreglede. Eg hugsar enno at ho hamna på sjukehus etter å ha fått ein idrettsskade. Det var tomt på skolen utan henne. Ein slik lærar vil eg vere. Ein slik lærar skal eg bli.
Jonas Orseth Løvik (25) studerer til å bli allmennlærar og går no på fjerde semesteret. Han vurderer å gå vidare med masterstudium i pedagogikk når han blir ferdig.