Vi satsar på læraren

Skulen er grunnmuren i kunnskapssamfunnet, både for å skape eit konkurransedyktig næringsliv og for å gje sjansar til den enkelte. Slår kunnskapsmuren sprekkar, vil velferdssamfunnet slå sprekkar.

I dei seinare åra har mange vore opptekne av at elevane ikkje lærer nok. Lærarrolla er nøkkelen til betre elevlæring. Betre lærarutdanning og forsking vil leggje til rette for at læraren kan gjere jobben sin endå betre i framtida.

I Stortingsmelding nr. 11 (2008-2009) Læreren – rollen og utdanningen går regjeringa inn for ei fleire tiltak som skal gjere lærarane betre rusta for det krevjande yrket. Kvaliteten i lærarutdanninga skal opp, rekrutteringa skal bli betre, nyutdanna lærarar skal få tettare oppfølging og støtte, og FoU for grunnopplæring og lærarutdanning skal bli meir relevant.

Regjeringa skal framover…

Sjølve innhaldet i lærarutdanninga vil også bli endra og bli betre tilpassa til den realiteten ein som lærar vil møte i klasserommet. Etableringa av eit nytt pedagogikkfag på 60 studiepoeng vil gjere det lettare for framtidige lærarar å møte utfordringar som hemmar læringa til elevane.

Ei ny differensiert lærarutdanning i to løp skal rettast mot ulike klassesteg. For deg som vel lærarutdanninga, vil dei to løpa innebere at du spesialiserer deg allereie frå første året. I lærarutdanninga retta inn mot barnesteget blir det lagt vekt på grunnleggjande fagkompetanse, samstundes som studentane utviklar evna til å sjå elevane og tidleg velje rette verkemiddel. I utdanninga retta mot ungdomssteget vil det bli lagt større vekt på fagleg fordjuping.

Relaterte dokumenter:
2010- Har du det i deg? Ta testen her!
3- Spørsmål- og svarkanalen
Forum
Motta oppdateringar frå GNIST
Nynorsk / Bokmål